115. Gullgubbar – små og gåtefulle. Samtale med arkeolog Laurine Albris
21 May 2026

115. Gullgubbar – små og gåtefulle. Samtale med arkeolog Laurine Albris

Tru og meining i gammal tid

About

Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Skandinavia. Gullgubbane er blant dei mest gåtefulle funntypane i nordisk arkeologi. Kva viser motiva? Er det gudar eller menneske, kanskje juridiske avtalar? Kvifor finn vi dei ofte i samanheng med stolpehol? Kvifor er dei aller fleste funne på éin stad på Bornholm? Kva funksjon hadde gullgubbane? Kva var vitsen? I denne episoden blir det fleire spørsmål enn svar.

 

Innspela i Bergen og Lejre 23.4.2026.