
Velkomen til Oikos8 - etter mi meining ein av Norges viktigaste podkastar om miljø, natur, klima, politikk og samfunn.
I dag har eg med meg ein gjest som eg har prøva å få med lenge. Første gong eg såg han i avisa, sat han i dress og drakk pils midt på blanke formiddagen medan han snakka om liberale verdiar – på klingande Nordfjording. Då var han leiar i unge Venstre. Mykje vatn har runne i Eidselva sidan då, og han har sidan vore ein av våre mest profilerte – og skal eg seie veltalande, politikarar. Vi snakkar sjølvsagt om nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn.
For meg som er ivrig lyttar av både dagsnytt18 og politisk kvarter, så har det alltid vore hyggelig når Rotevatn har blitt sendt i ilden.
Ikkje fordi eg alltid er einig med han, men fordi det i desse tider med politisk populisme og tåkeprat er godt med ein seriøs, strukturert og kunnskapsbasert politikar.
Rotevatn har vore involvert i mange politiske saksfelt, men han har jobba mykje med klima og miljø. Og då særlig i rollen som statssekretær og seinare statsråd for Klima og miljø i Solberg-2-regjeringa. No har Venstre kome under sperregrensa, og Rotevatn har mista stortingsplassen sin.
I denne episoden av Oikos får vi eit sjeldan blikk bak sceneteppet i det politiske miljøarbeidet. Rotevatn forklarer korleis det er å vere ansvarlig for miljø i oljelandet norge. Han beskriver dilemma ein står i som politikar - når ein skal verne natur i møte med bygder som kjemper for innbyggjarane sine, og for villaksen som han sjølv er så glad i når den truast av ein av landets største industriar.
Vi deler bekymringa over at miljøpartia samla sett har tapt terreng i siste stortingsval. Rotevatn understreker viktigheita av at miljøpolitikken drivast tverrpolitisk, og han slår eit slag for å drive miljøpolitikk på borgarleg side. Vi diskuterer til slutt miljøsøksmålet og rettsliggjeringa av miljøpolitikken, men juristen Rotevatn er skeptisk til om grunnlova sin paragraf 112 (miljøparagrafen) er brukbar til å utfordre myndigheitene, slik ein har freista i Klimasøksmålet.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.