"Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endring av ein fisk også endra matvaner, økosystem og maktforhold i små kystsamfunn. Og korleis dette til slutt enda i hendene til landets rikaste.
Dei to journalistane Simen Sætre og Kjetil Østli har hatt stor produksjon.
Sætre har jobba fleire år i Morgenbladet, og var ein av dei skribentane eg alltid gleda meg til å lese, fordi det som regel var overraskande perspektiv.
Sætre har skrive ei rekke bøker om ulike tema - inkludert om høgreekstremisme, olje, mat, og sist om “Den usannsynlige seriemorderen Arnfinn Nesset” - ei bok han nylig fekk rettssikkerhetsprisen på.
Østli har vore med å bygd opp nettmagasinet Harvest. Han har skrive bøker både om Kronprins Haakon og Lars Monsen, og om 22. Juli - og jobbar no i Aftenposten. Eit ganske vidt interessefelt der også altså.
Men i 2021 kom desse to ut med ei besynderlig bok.
Den heitte “Den nye fisken - om temmingen av laksen og alt det forunderlige som fulgte”.
Og då eg las den, så sat eg som fjetra tilbake.
For dette var intet mindre enn ei usedvanlig brei analyse av eit teknologisk, sosialt, biologisk og politisk fenomen som har utvikla seg i norge gjennom dei siste 40 åra
Og som vi i dag kjenner som ei av norges største næringer
Nemlig norsk lakseoppdrett.
Og det eg ønska meg då eg var verdig med å lese boka, var at Østli og Sætre skulle følge opp, og gjere tilsvarande analysar av andre norske bransjar, som kraftbransjen og oljebransjen.
Så eg skal legge inn ønske om det i samtalen
For i dag har eg vore så heldig å få som gjest journalist Simen Sætre.
God lytting.
I ord for dagen freistar eg å forstå kvifor næringar som byrjar med godvilje - som oppdrett, vindkraft og cruise, endar med krangling. Ein kan ikkje klandre ein rev for å vere ein rev. Men kva må ein gjere då?
Foto: Maria Kleppe Vihovde
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.