Flytande havvind, klimamål under lupen og konfliktfylt ammoniakk-fabrikk
19 September 2025

Flytande havvind, klimamål under lupen og konfliktfylt ammoniakk-fabrikk

Energi og Klima

About

Å bruke opp mot 35 milliardar statlege kroner på ein flytande havvindpark er eit enormt beløp. Men er det likevel verdt det? 


Denne veka har to konsortium meldt seg på konkurransen om å få bygge ut 500 MW med flytande havvind i Utsira Nord. Det markerer eit viktig steg vidare for flytande havvind i norske farvatn – sjølv om ei mogleg investeringsavgjerd ligg fleire år fram i tid.

– Det er eit stort potensial viss ein lukkast her. Først og fremst for kraftproduksjon globalt – som eg tenkjer er det viktigaste perspektivet. Viss teknologien lukkast, kan ein byggje ut mykje fornybar kraft verda over. Det trur eg er den viktigaste grunnen til at Noreg bør bidra, seier Kirsten Ånestad Øystese, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse.

Klimax-panelet diskuterer òg vurderinga av Noregs nye klimamål frå analytikarane i Climate Action Tracker, og nyheita om at eit knapt fleirtal i kommunestyret i Sauda har sagt ja til bygging av ein ammoniakkfabrikk – eit prosjekt som skapar stor debatt.


Med i denne podkasten er:

    Anne Jortveit, nestleiar i Norsk klimastiftelse Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar i Norsk klimastiftelse Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftelse

Podkasten er teke opp torsdag 18. september.

Lenke til omtalte saker og nyttig bakgrunn:

    To søknader om å delta i konkurranse om flytende havvind i Utsira Nord (Regjeringen, 15.09.2025) Kun to søker om å bygge flytende havvind på Utsira Nord (E24, 15.09.2025) Norges 2035-mål i tråd med 1,5 °C, men olje og gass må fases ut (Energi og Klima, 12.09.2025) Grønt lys for ammoniakkfabrikk i Sauda (NRK, 15.09.2025) New DNV report: Ammonia shows notable progress as maritime fuel, but barriers remain (DNV, 03.09.2025) The Electrotech Revolution (Ember, 16.09.2025) Rettsstrid om oljerelaterte dødsfall (E24, 15.09.2025) Status ny kraftproduksjon i Norge per. 2. kvartal 2025 (tilnull.no)


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.